(Foto: Arne Veum)

Send til Haukeland i luftambulanse

Publisert 16.05.2018 kl. 10.39. Oppdatert kl. 11.17.

Ein person er skadd i ei fallulukke i Aurland.


Ifølgje kommunelege i Aurland Trygve Ness er det snakk om ei ulukke med speedracer.


- Det var eit hardt fall. Det er neppe livstrugande skadar, men det kan vera alvoreleg skadar, seier Ness, som opplyser at personen som er skadd, er ei norsk kvinne.


Den skadde er send i luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.


Ifølgje AMK skjedde ulukka klokka 9.12 onsdag.


Helikopteret letta frå eit jorde rett utanfor Aurland sentrum klokka 10.15. Ambulanse og lege var også på staden.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida