Semje i jordbruks-oppgjeret

Jordbruksorganisasjonane har blitt samde med staten om jordbruksavtale for 2019.

Publisert 16.05.2018 kl. 20.21. Oppdatert kl. 20.28.

Onsdag kveld blei Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag einige med staten om ein jordbruksavtale for 2019, etter ni dagar med forhandlingar.

- Me har greid å styrkja marknadsbalanseringa ved at regjeringa har gått med på å innføra verkemidlar som forsterkar moglegheita til å balansera marknaden for sau og svin. Det er svært viktig for næringa på både kort og langt sikt, og sterkt medverkande til at me kunne inngå jordbruksavtale med staten i år, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes i ei pressemelding.

Utgangspunktet for årets jordbruksforhandlingar var eit krav frå jordbruket på 1830 millioner kroner, som blei møtt av eit tilbud på 1000 millionar kroner.

- Gjennom forhandlingane har me fått budsjettmidlar som har gitt eit meir reelt reknestykke. Diverre har me ikkje greid å oppnå kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper, men det var ikkje mogleg i viktige produksjonar på grunn av svake marknadsmoglegheiter, og eit lågt tilbod fra staten, seier Bartnes.

- Det er framleis viktig å jobba for å redusera inntektsavstanden til andre grupper, men i år var det også viktig å leggja til rette for betre marknadsbalansering. Marknads- og produksjonsregulering er sentralt for å sikra utviklinga på både store og små bruk, og dei løysingene me har oppnådd der bidreg til å sikra dette grunnlaget, seier Bartnes.


Les meir om: Nyhende Landbruk Notis

Siste saker Gå til framsida