NY I STYET: Reidar Sandal. (Arkivfoto)

Sandal inn i Helse Førde-styret

Reidar Sandal blir nytt styremedlem i Helse Førde.

Publisert 03.10.2017 kl. 12.02.

I føretaksmøte 3. oktober er Reidar Sandal oppnemnd som nytt styremedlem i Helse Førde, opplyser Helse Vest på sine nettsider.


Sandal er frå Vågsøy og bur i Florø. Han er utdanna lektor og har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane i fleire periodar. Her leia han òg finanskomiteen i 2006-09. I 1995-97 var han kyrkje-, utdannings- og forskingsminister.


Dei siste åra har han mellom anna vore styreleiar i Fjord 1 og Allkunne, Sunnfjord Næringsutvikling, Innovasjon Noreg og Kystvegen Måløy-Florø. Frå 2010 har han leia representantskapet i Noregs Bank.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida