Samlar lærlingane på Vesterland

Publisert 09.01.2017 kl. 11.51.

Det vert samling for lærlingane i Sogn på Vesterland på Kaupanger tysdag 31. januar. Lærlingar og lærekandidatar som teikna kontrakt i løpet av 2016, er inviterte til samlingane, saman med faglege leiarar og instruktørar i dei aktuelle lærebedriftene.


Samlingane tek opp aktuelle tema for målgruppa, til dømes rettar og plikter i læreforholdet, svart økonomi, tilboda fagskulen har etter fagbrev og trafikktrygging. Det vert også ei økt med elev- og lærlingombodet. Den kulturelle skulesekken bidreg med musikar Askil Holm, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal Ung