LEITING: Mannen vart sakna etter at han ikkje kom tilbake frå fjelltur til Vindreken. Søket starta måndag føremiddag. (Foto: Eirik Thue)

Sakna mann funnen omkomen

Politiet stadfestar at det er den sakna mannen i 40-åra som er funnen omkomen.

Publisert 27.08.2018 kl. 11.13. Oppdatert kl. 19.33.

SISTE:


- Ein person er funnen og frakta ut av området med helikopter. Personen er omkomen, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt ved 19-tida måndag. 


På twitter skriv politiet at personen som vart observert i fjellsida under Vindreken i Balestrand er stadfesta omkomen og henta ut frå fjellet. Politiet stadfester at det er den sakna mannen i 40-åra som er funnen omkomen. 


 

VINDREKEN: Fjellet Vindreken (t.v) ligg 1259 meter over havet. (Arkivfoto)

Meldt sakna

Ein mann i 40-åra vart sakna etter at han ikkje kom tilbake frå fjelltur til Vindreken som avtalt søndag kveld. Måndag morgon melde familie og kollegaer han sakna og det vart sett i gang leiteaksjon.


Måndag ettermiddag vart det gjort observasjonar frå redningshelikopter av ein person.


- Observasjonen er gjort i svært bratt terreng, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt ved 16.15-tida måndag.


Då skreiv politiet på twitter at personen som er funnen, tilsynelatande var livlaus.


 

UTSIKT: Frå toppen av Vindreken ser ein ned på Esefjorden. (Foto: Eirik Thue)

Populær fjelltur

 Tidlegare på dagen har leitemannskap følgt stien til topps, utan at det har gjeve resultat.


- Me har sendt ut eige mannskap, i tillegg er fleire frivillege med. Ein hundepatrulje frå Bergen er også på veg, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen til Sogn Avis måndag føremiddag.


Redningshelikopter frå Florø deltek i søket. Politiet opplyser at den sakna skal vera frå Sogn og Fjordane.


- Bilen til den sakna er funnen ved parkeringsplassen der turen til Vindreken startar. Me tek utgangspunkt i bilen og søkjer derifrå, sa Samsonsen.


Vindreken ligg 1259 m.o.h og er ein populær fjelltur.


Les meir om: Nyhende Balestrand

Siste saker Gå til framsida