Ei kvinne velta på sykkel på cirka ein kilometer framom Berekvam i Flåmsdalen fredag ettermiddag. (Foto: Arne Veum)

Rykte ut til sykkelulykke

Publisert 11.08.2017 kl. 17.34.

Ei kvinne har velta på sykkel i Flåmsdalen i Aurland, ved Berekvam på Rallarvegen.


Politiet fekk melding klokka 16.44 fredag og ambulanse og politi er på veg.


Klokka 18 opplyser politiet på Twitter at politi og ambulanse er komne fram til staden.


Kvinna har smerter i hovudet. Politiet opprettar sak etter hendinga.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida