(Illustrasjonsfoto)

Rykte ut til bråk og slåsting

Publisert 18.06.2017 kl. 08.27. Oppdatert kl. 08.45.

Politiet fekk meldingar om bråk og klammeri frå både Årdal og Balestrand natt til søndag.


Første meldinga kom frå Årdal, klokka 01.23. Då rykte politiet ut etter at ein utestad rapporterte om bråk og slåsting. Saka vart løyst før politiet nådde fram til staden.


Klokka 03.11 natt til søndag fekk politiet melding om at fleire rusa personar var i klammeri med kvarandre. Dette føregjekk i eit bustadhus i Balestrand og politiet rykte ut til staden.


Elles har natta vore roleg, og for politiet var det ikkje mykje å melda om frå resten av fylket heller.


På Eid kom det feststøy frå nokre bustader, men det hadde roa seg då patruljen kom til staden.


På Kaupanger blei ein bil avskilta fordi den ikkje var framstilt for pålagt kontroll.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida