Rykte ut til brann

Naudetatane rykte ut til ein brann på Strendene natt til laurdag.

Publisert 12.08.2017 kl. 00.01. Oppdatert kl. 00.32.

Klokka 23.19 opplyser politiet på sin Twitter-konto at naudetatane var på veg til ein einebustad på Strendene, der det var meldt om brann.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt karakteriserer hendinga som eit mindre brannforløp.
- Alle personar er ute av huset, og brannen er sløkt. Utover det har me ikkje på dette tidspunktet så mange detaljar om kva som har skjedd, vert det sagt.

Huseigaren på si side, opplyser til Sogn Avis at brannen oppstod i ei vifte knytt til badet i huset.

Strendene ligg ved fjordkanten langs vegen mellom Årdal og Fodnes, og høyrer til under Lærdal kommune.

Ved midnatt opplyser politiet at det var tre personar og ein hund i huset, og alle er tilsynelatande uskadde. Alle vert køyrde til Lærdal sjukehus for ein helsesjekk ettersom dei er blitt eksponerte for røyk. Det skal ikkje ha vore observert opne flammar. Det har oppstått noko materiell skade i samband med brannen, og det kan visa seg å vera meir på grunn av bruk av pulverapparat.


Siste saker Gå til framsida