KØ: Det har danna seg kø på aurlandssida av tunnelen. (Foto: Arne Veum)

Røyk i tunnel skuldast turbohavari

Publisert 16.04.2018 kl. 12.36. Oppdatert kl. 13.47.

Måndag ettermiddag kom det melding om røykutvikling i Lærdalstunnelen. Vegtrafikksentalen sende ut twittermelding om at tunnelen var stengd klokka 12.22.

- Det synte seg å vera ein bil med turbohavari. Dette førte til veldig mykje røyk i tunnelen, fortel Dan Inge Gjesdal på Alarmsentralen.

Brannvesenet rykte ut med mannskap frå Aurland og Lærdal.

- Me rykte ut med 30 mann og alle bilar, utrykkinga var dimensjonert for at det kunne ha vore ein reell brann, seier Gjesdal.

Politi og ambulanse rykte også ut til tunnelen.

Bilen som var årsaka til røyken, stod 6 kilometer frå aurlandssida av tunnelen. Bilen vart henta av bilbergar.

Lærdastunnelen vart stengd, men opna att for trafikk like før klokka 13.30 melder Vegtrafikksentralen.

 

Siste saker Gå til framsida