SNØRIKT: HTM AS har brøytinga på rodene som følgjer FV211 Dalavegen frå Billaget til Selseng. Skjeldestaddalen til Lerheim og til Fimreite frå hovudvegen (Foto: Lars E. Stølen )

Ryddar snø med smil om munnen

Når ein ser biletet frå Fimreitevegen, så skjønar ein godt at brøytemannskapet har hatt ein stri tørn i romjula.

Publisert 31.12.2017 kl. 15.26.

Spesielt i Sogndalsdalen har det kome mykje snø, og er det fleire der som set litt ekstra pris på brøytejobben som blir gjort.


- Me er alltid kjempeglad for dei som gir oss ein tommel opp og vinkar når me er ute på vegane. I Sogndalsdalen har me til og med fått servert rykande varm kaffi og sjokoladekake. Slikt varmar, fortel brøytesjåfør Håvard Bjelde.


 


 


Tryggleik

Det er fort folk blir utolmodig når snøflugsene fell som verst. Då blir jobben så mykje enklare med eit smil.


- Du veit at alle, ja absolutt alle, har ei meining om brøyting, noko som må vera lov. Me tek sjølvsagt alt det omsynet me kan, og håpar at folk langs vegane også gjer det inn i det nye året. Me er oppteken av tryggleik for publikum og oss sjølve, seier Bjelde, og legg til:


- Me les støtt og stadig i landets aviser om kritikk retta mot brøytemannskap. Her i Sogndal er det faktisk litt motsett. Vink til oss så skal me vinke og smila tilbake.


 


 


 


Les meir om: Nyhende Sogndal