Ryddar raset i Vetlefjorden

Publisert 25.01.2018 kl. 11.49.

I 10.30-tida torsdag byrja arbeidet med å rydda raset som gjekk ved på riksveg 13 ved Langateig i Vetlefjorden i Balestrand onsdag kveld.


Det vart gjort vurdering av situasjonen onsdag morgon, og bestemt at oppryddingsarbeidet kunne starta.


På fylkesveg 152 i Balestrand gjekk det onsdag eit ras ved Alstokka mellom Ulvestad og Menes. Vegen er framleis stengd og det vil bli gjort ny vurdering klokka 10 fredag, opplyser vegvesenet.