BOLETTASTEINEN: Denne minnesteinen bleir reist til minne om Bolette C. Pavels Larsen. (Foto: Privat)

Rusta opp sentrum for 6,5 millionar

24. juni vert det offisiell opning av Mundal sentrum og Fjærland gjestehamn.

Publisert 17.06.2017 kl. 18.00.

No står heile anlegget i Mundal sentrum ferdig, med gjestehamn, universelt utforma sørvisbygg og parkanlegg.


- Dette er noko bygda har jobba med i fleire tiår, og det er stort for bygda at det no er ferdig, seier Hans I. Haugen i bygdautvalet.


Bygdefolket har måtte gjera ein betydeleg innsats for å samla inn pengar. Haugen fortel at mange har bidrege stort, både med dugnad og pengar, og både utflytte og hyttefolket har også ytt sitt. 

TORG: Mundal sentrum med fjella og breane gøymde i bakgrunnen ein gråversdag.

4,4 mill. i dugnad og innsamling

Det har vore arbeidd med å få i gong oppussing av Mundal sentrum sidan 1990-talet. I 2005 vart det laga ein plan om å pynta fjordkanten med ei fin steinfylling. Prosjektet var då kostnadsrekna til 2,1 millionar. På eit bygdamøte i 2010 blei desse planane forkasta. Fjærlendingane ville ha båthamn og parkanlegg på området.


Nye planar blei utarbeidd, og kostnadsrekna til 6,5 millionar. Sidan Sogndal kommune hadde søkt bygdautviklingsmidlar til det første prosjektet, var det ikkje høve til å sende ny søknad etter det nye kostnadsoverslaget. Av ein totalkostnad på 6,5 millionar er derfor 4,4 millionar dekka inn delvis av dugnadsarbeid, delvis av innsamla pengar. Sogndal kommune har vore prosjekteigar, og Fjærland Bygdalag har vore ansvarlege for planlegging og utføring.

BOKNATTA: Dei siste to åra har boknatta vore arrangert på torget i Mundal sentrum.

God omtale

Fjærland Bygdalag ynskjer velkomen til ein fest- og kulturdag 24. juni på det nye kai- og torganlegget. Jonsokbryllaup, bryggedans, sjantisar og mykje meir står på programmet. Det vert høve til å kjøpa mat og drikke, og til å leige kajakk.


Det krevst litt å driva anlegget, mellom anna skal toaletta vaskast kvar dag om sommaren. Bygdautvalet har god dialog med kommunen om drift av anlegget.


Bygdautvalet kan også gle seg over at gjestehamna allereie har fått god omtale. "Verdas vakraste gjestehamn?" var Båtmagasinet si overskrift då dei hadde ein stor biletreportasje frå det nye kaianlegget i Fjærland sist haust.


Les meir om: Nyhende Reiseliv Sogndal

Siste saker Gå til framsida