Rus og bråk

Publisert 19.03.2017 kl. 09.15.

I Sogndal, like før klokka eitt, fekk ein rusa mann i 40-åra pålegg om å halda seg vekke frå ein utestad i Sogndal sentrum.


Der vart det også meldt om personar som lagar bråk uan for ein utestad, men dei var vekk då politiet kom til staden.


I Sogndal vart ei kvinne i 20-åra meld for drikking på offentleg plass.


I Sunnfjord gjekk det meir heftig for seg denne laurdagsnatta.


Der møtte politiet opp på ein privatfest og fekk foreldra til å henta tolv mindreårige ungdomar. Fem menn i 20-åra vart meld for bruk av narkotika.


Tidlegare på kveld måtte dei avslutta ein fest i Slåttebakkane i Førde.


I Florø ville dei ordna opp på tørre nevane. Ein mann i 30-åra hadde slått til ein kar i 20-åra etter ein krangel med tjueåringen og ei kvinne.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida