RETT RETNING: Ein uføresett nedgang i utgifter til pasienttransport og lågare utgifter til gjestepasientar i andre helseføretak, har vore med på å dra økononomien i rett retning. (Illustrasjonsfoto)

Årsresultatet til Helse Førde betre enn frykta

Etter intenst innsparingsarbeid siste halvår i fjor, ser det no ut til at Helse Førde styrer unna driftsunderskot i 2017.

Publisert 19.01.2018 kl. 14.26.

Likevel er resultatet vel 13 millionar kroner dårlegare enn det føretaket hadde budsjettert med.


- Utover i 2017 har me sett ei uventa positiv utvikling som gjorde at rekneskapen betra seg mot slutten av året, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg i Helse Førde. 


Brandtzæg dreg spesielt fram ein uføresett nedgang i utgifter til pasienttransport og lågare utgifter til gjestepasientar i andre helseføretak.


- Saman med tiltaka me sjølve sette i verk, har dette drege lasset i rett retning, seier økonomidirektøren.


I september teikna økonomidirektøren i Helse Førde eit dystert bilde. Drastiske kutt måtte til for å berge årsresultatet.


Spesielt på slutten av fjoråret peika pilene rett veg for Helse Førde-økonomien. I desember åleine var overskotet på nær 4,5 millionar kroner, noko som er nær 3,2 millionar kroner betre enn budsjettert for perioden. Dette positive resultatet på tampen av året er med på å bikka det totale 2017-resultatet over på den grøne sida av streken. Førebelse utrekningar viser 1,723 millionar i pluss, går det fram av ei pressemelding frå helseføretaket.


13 millionar frå målet

- Me er svært glade for dette. Samtidig må me ikkje gløyma at dette er 13 millionar kroner under budsjettmålet for 2017, og me må difor ha fullt fokus på å gjennomføra planane me legg for 2018. Me har ikkje råd til å slakke av på dette arbeidet, noko som er heilt naudsynt dersom vi skal greie dei investeringane vi står framfor i dei kommande åra, seier Brandtzæg. 


Børge Tvedt vart konstituert som administrerande direktør i slutten av mai 2017, og fekk såleis dei økonomiske utfordringane rett i fanget då han overtok. Ei av dei fremste oppgåvene hans har vore å følgja opp det krevjande arbeidet med å retta opp økonomien i føretaket.


Rosar dei tilsette

- Eg er svært glad for den utviklinga me har sett. Først og fremst vil eg berømma alle medarbeidarar for å ha teke situasjonen på alvor og gjennomført ei rekkje vanskelege innsparingar. No er det viktig at dette arbeidet blir vidareført på ein god måte, og eg kjenner meg trygg på at dette vil skje når den nyee administrerande direktøren tek over om få veker, seier Tvedt.


Les òg: Arve Varden takka ja til toppstilling i Helse Førde


På møte fredag 26. januar vil styret i Helse Førde få ei orientering om den økonomiske utviklinga i føretaket, vert det opplyst i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida