UBEDNE GJESTER: Denne krabaten er det ikkje stas å få i hus. (Foto: Gjensidige)

Rottar seg saman

Rotter og mus gjer omfattande skader.

Publisert 20.03.2017 kl. 17.18. Oppdatert kl. 17.19.

- Etter berre nokre få månader inn i det nye året har me alt fått meldingar frå fleire fortvila kundar som har oppdaga gnagarar i hus og heim, seier Simon Andre Olsen. Han er rådgjevar i Gjensidige og har ansvar for skadeførebygging.


Betaler millionar

Tal frå bransjen i 2016 viser at kring 100 bustader i Sogn og Fjordane fekk gnagarar på besøk. Totalt betalte bransjen ut fleire millionar kroner etter skader frå rotter og mus. Det er lite som tyder på at årets tal vil bli noko betre, heiter det i ei pressemelding.


Lukt

- Skadar på bygningar varierer frå mindre utbetringar til totalrenoveringar. Daude dyr og avføring kan gje store luktproblem, i tillegg et mus og rotter alt dei kjem over og kan øydeleggja isolasjon, røyr og elektriske anlegg, seier Olsen. Han åtvarar om at øydelagde leidningar kan vera brannfarlege. Han fortel vidare at skadeomfanget er store, og prislappen på å setja bustader i stand att ofte er mellom 40.000- og 50.000 kroner.


- Det er også døme på skadeomfang har blitt på fleire hundre tusen kroner, opplyser Olsen.


Totalt blir det årleg meldt inn nærare 4.000 skader til forsikringsbransjen her i landet som skuldast arbeid til rotter og mus. 100 millionar er prisen på skadane desse dyra gjer.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida