FEKK BESØK: Statsminister Erna Solberg vitja tysdag Lerum og administerande direktør Trine Lerum Hjellhaug. Like etter besøket sprakk nyhenda om at Rema droppar Lerum syltetøy.

Rema droppar Lerum syltetøy

Lerum syltetøy vil framover ikkje vera å finna i butikkhyllene til Rema 1000.

Publisert 10.01.2017 kl. 11.29. Oppdatert kl. 14.38.

- Dette er veldig trist, men det er ein del av konkurransen, og me må forholda oss til at REMA 1000 har teke den avgjerda, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.


Nyheita kom samstundes som statsminister Erna Solberg (H) vitja Lerum sitt fabrittanlegg på Kaupanger tysdag.


Kuttar syltetøyet

Rema 1000 har varsla at dei vil kutta ut nokre av sine leverandørar for å jobba tettare med andre.


I dag vart det klar at Lerum sitt syltetøy forvsvinn frå REMA-butikkane. Det vil framleis vera mogeleg å få kjøpa saft frå Lerum hjå matvaregiganten.


- Det er framleis tidleg i prosessen, og me må jobba med å få oversikt over situasjonen, seier Hjellhaug, og legg til at dei kjem til å merka det som no skjer. Kva det vil bety for arbeidsplassar er enno for tidleg å seie noko om.


- Rema har vore ein viktig kunde for oss i mange år. No må me bretta opp ermene og jobba for mogelegheiter med andre.


Lerum vil halda fram med sine produkt og utvikla nye, men dei har også eit håp om å ein gong koma attende som kunde hjå REMA 1000.


Vil kjøpa inn lokalt

I nokre REMA-butikkar vil kundane framleis finne Lerum-syltetøy framover.


- Rema 1000 i Sogndal og Årdal vil framleis ha alle Lerum-produkta i butikkane. Syltetøyet vil dei kjøpe direkte frå Lerum, slik dei har gjort sidan 1991. Dei andre produkta- juice og saft, får dei via distribusjonssystemet til Ream 1000, seier REMA 1000-kjøpmann i Sogndal, Jan Knut Einarsen til NRK Sogn og Fjordane.


Les meir om: Nyhende Næringsliv Sogndal

Siste saker Gå til framsida