SATSING: Det blir stadig satsa på moderne fjøsar i fylket, noko som er bra for både bonden og dyra, meiner Fylkesmannen. (Arkivfoto)

Rekordstor satsing på nye fjøs

Kraftig modernisering i landbruket.

Publisert 09.01.2018 kl. 19.30.

I 2017 vart det gitt støtte til bygging av 14 nye kufjøs, 12 nye fjøs for ammeku og 12 nye fjøs til sau. Her er det plass til 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1.800 sauer.

Dei nye fjøsa kan då produsera kring 5 millionar liter mjølk, over 100 tonn storfekjøt og kring 50 tonn lammekjøt. På eitt år kjem då kring 5 prosent av mjølk- og kjøtproduksjonen i Sogn og Fjordane frå nye og moderne fjøs. Dette er godt både for dyra og bonden, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane er kome langt med omlegginga frå båsfjøs til lausdrift. På 10 år er det bygd kring 120 nye mjølkefjøs og no går over 40 prosent av mjølkekyrne i lausdrift.

- Dette har vore ein teknologisk revolusjon der mjølkefjøsa vert bygd med mjølkerobot. I løpet av januar 2018 får Sogn og Fjordane på plass robot nummer 100. Den nye teknologien gir individuell tildeling av kraftfôr og registrerer mjølkekvalitet og helsetilstand på dyra. Med dette har mjølkebonden tatt steget inn i ei ny tid, heiter det i pressemeldinga.

Dei nye sauefjøsa vert bygde med «storbingar». Dette er eit nytt system der opp til 80 dyr går i lag i ein binge. Dette gjer arbeidet lettare for bonden, og kvart dyr får eit større område å bevega seg på. Nye fjøs til sau er viktig for å halda oppe sauetalet og ta vare på kulturlandskapet i fylket. Nedgangen i sauetalet er no stoppa opp og siste året har det vore ein liten auke.

Satsinga på ammeku starta i 2016 og på to år er det bygd kring 300 nye kuplassar fordelt på 13 nye fjøs. Dette har vore viktig for å utnytta grasareala i Sogn og Fjordane og å produsera nok norsk storfekjøt.

 

 

 

Siste saker Gå til framsida