HAR BESTEMT SEG: Arne Lien røysta og Jon Håkon Odd ser til at alt går riktig føre seg i vallokalet i Leikanger. (Foto: Renate Sæle)

Rekordmange førehandsrøyster

Folk strøymer til vallokala, og fleire sognekommunar har rekord i tal førehandsrøyster.

Publisert 11.09.2017 kl. 13.41.

- Me er ein kommune med vanlegvis høg valdeltaking. Det blir det nok i år også, seier leikangerordførar Jon Håkon Odd, som måndag overvaka det heile ved urna på Saften.


Han reknar med at 450 har førehandsrøysta. Flesteparten av desse røystene har kome inn allereie, men dei siste kjem i kveld, og blir difor telde i morgon. 


- Det er eit ganske høgt tal med tanke på at me er litt over 1.600 røysteføre, meiner Odd. 


I Leikanger var det kø då røystelokala opna måndag morgon.


- Nytt røysteretten

Ordføraren håpar å sjå flest mogleg sambygdingar før vallokalet stenger.


- Det er viktig at så mange som mogleg røystar, det er det største i demokratiet.


Luster har rekord i kor mange som har bestemt seg i god tid før valdagen.


885 røyster, det vil seia 23,34 av røysteføre lustringar, har førehandsrøysta. Kommunen melder at det kan koma røyster i posten måndag og tysdag som kan bli teljande i valet.


Rekord i Sogndal

I Sogndal har 2.519 førehandsrøysta og melder også om rekord. 


Kommunen har mange studentar, men 1.507 av førehandsrøystene er heimehøyrande i Sogndal.


Det utgjer 26,48 prosent av dei som er røysteføre, opplyser kommunen.


Siste saker Gå til framsida