TRAFIKKULUKKER: 106 personar omkom i trafikken i 2017. Tolv av desse mista livet i desember. (Pressefoto: Colourbox)

Rekordlågt tal unge trafikkoffer

Ved utgangen av 2017 hadde 13 unge mellom 16 og 24 omkome i trafikken.

Publisert 02.01.2018 kl. 13.30.

Det er nesten ei halvering frå 2016 då 24 unge i same alder mista livet og 128 blei hardt skadde, opplyser Trygg Trafikk i ei pressemelding.


- Endring

Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk, understrekar at det er positiv å sjå at det er færre unge på ulukkesstatistikken.


- Unge bilførarar har tidlegare vore sett i samanheng med risikoåtferd i trafikken. Det er mykje som tyder på at dette er i endring og at færre unge køyrer for fort, i rusa tilstand og utan bilbelte. Unge tek rett og slett smartare val i trafikken enn før. I tillegg har trafikkopplæringa blitt betydeleg betre dei siste ti åra og er i dag truleg den beste i verda.


Lågast sidan 1947

106 menneske omkom i trafikken i 2017, mot 135 i 2016. Fire personar omkom i trafikken i Sogn og Fjordane. Med ein nedgang på 29 omkomne frå året før, utmerker 2017 seg som året med lågast tal trafikkoffer sidan 1947, går det fram av pressemeldinga.


- At trafikkåret 2017 viser ein kraftig nedgang i det totale talet på omkomne er positivt, men me er langt frå i mål. Sjølv om bilane stadig blir sikrare og vegane betre, møter me nye utfordringar. Me får fleire trafikantar med høg ulukkesrisiko. Det vil bli fleire mjuke trafikantar, fleire eldre på vegane både som sjåførar og fotgjengarar og fleire trafikantar frå andre trafikkulturar, seier Johansen.


For høg fart etter forholda, køyring i ruspåverka tilstand, manglande bruk av bilbelte og at folk ikkje er merksame når dei køyrer, er dei vanlegaste medverkande årsakene til dei mest alvorlege trafikkulukkene.


Flest vaksne

Det er særleg ulukkestala blant vaksne i alderen 40+ som uroar Trygg Trafikk. Vaksne menn frå 45 år og oppover er overrepresenterte på statistikken.


- Vaksne menn køyrer ofte både langt og mykje, og dette pregar nok statistikken. Ein del av dei har sannsynlegvis også teke med seg trafikkåtferda frå 80-talet inn i vaksen alder. Dei køyrer gjerne litt for fort og tek større sjansar i trafikken, seier Johansen.


- Store mørketal

Av dei omkomne i 2017 var elleve fotgjengarar og ni syklistar. Men den offisielle statistikken over drepne og hardt skadde utgjer berre ein del av biletet. Myndigheitene har sjølve berekna at to av tre personskadeulukker ikkje blir registrerte som vegtrafikkulukker. Underrapporteringa er særleg stor når det gjeld eineulukker med syklistar. Her viser kartlegging at berre ei av 13 sykkelulukker blir rapporterte, opplyser Trygg Trafikk.


- Myndigheitene varsla hausten 2016 ei utgreiing av behovet for nye retningsliner for registrering av vegtrafikkulukker. Det er viktig at dette arbeidet skyt fart, slik at me kan få betre oversikt over det reelle skadeomfanget, ikkje minst blant mjuke trafikantar, seier Johansen.


Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida