KLAR: Stine Pettersen Reinås frå Sogndal, som spelar for Stabæk, er med i landslagstroppen som skal til Spania. (Foto: Arkiv)

Reinås til Spania

Stine Pettersen Reinås er med i landslagstroppen som skal til La Manga i januar.

Publisert 20.12.2017 kl. 15.59. Oppdatert kl. 16.20.

Landslagssjef Martin Sjögren har teke ut 20 spelarar til samlinga. Noreg skal spela mot Skottland 19. januar og har i tillegg kamp 23. januar. Motstandar her er førebels ikkje stadfesta.


Forfall sist

- Dette blir starten på eit viktig landslagsår, seier landslagssjef Martin Sjögren til fotball.no, og fortel følgjande:


- Førre samling var det ein tropp som halta litt og ein del som ikkje hadde trent fotball på ei stund etter sesongslutt. Det var bra dei første 45 minutta mot Canada, men heilheiten for ein del spelarar vart ikkje 100 prosent på den samlinga. No er alle i gang og det blir ei fin start på sesongen.


Om Stine Pettersen Reinås seier landslagssjefen følgjande:


- Stine Reinås melde forfall sist. Då kom Kristine Leine inn. No er begge med.


Les meir om: Nyhende Fotball

Siste saker Gå til framsida