PROTESTAR: Fylkesordførarene Anne Gine Hestetun og Jenny Følling har argumentert for Vestlandet som namn på det nye fylket. Ikkje alle er einige i at det er eit godt namneval. (Foto: Sigrid Nese)

Reaksjonar mot «Vestlandet»: - Ligg unna namnet vårt

Fredag vedtok fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland at dei vil kalla det nye fylket for Vestlandet. Det har skapt reaksjonar.

Publisert 31.10.2017 kl. 15.11. Oppdatert kl. 15.13.

Fleire aviser omtalar namnevalet på leiarplass. Sunnmørsposten meiner det er historielaust frå reformkåte fylkespolitikarar.


«Hordaland og Sogn og Fjordane går saman til eitt fylke. Det vil truleg syne seg å vere ei klok avgjerd. Avgjerda om å kalle det nye fylket Vestlandet, er derimot ikkje klok. Denne avgjerda bør ikkje få verte ståande», skriv avisa og legg til at det er lett å forstå at folk i Hordaland og i Sogn og Fjordane kjenner seg stolte av å vera vestlendingar.


«Problemet er at dei ikkje er åleine om å kjenne det slik», skriv avisa som kjem med denne klare meldinga:


«Kall fylket noko anna. Namnet Vestlandet er opptatt.»


Ønsket frå Hordaland og Sogn og Fjordane om å bruka namnet «Vestlandet», blir no ei eiga sak i fylkesutvalet i Møre og Romsdal, melder Sunnmørsposten.

JA TIL VESTLANDET: Fylkestinga i Sogn og Fjordane (biletet) og Hordaland vedtok fredag at dei vil ha Vestlandet som namn på det nye fylket. (Foto: Sigrid Nese)

- Arrogant

Også frå sør for det nye fylket kjem det reaksjonar. Haugesunds Avis kallar på leiarplass namnevalet for arrogant og samanliknar det med at VG skriv at «Nå kommer finværet» når det blir varmt på Austlandet, men regn i vest og nord.


«Me kan skilja i Nordvestlandet og Sørvestlandet, men da må den nye regionen vera Midtvestlandet. Vestlandet er heile sulamitten», skriv avisa og slår fast:


«Me bur òg på Vestlandet. Ligg unna namnet vårt.


Les òg: Einige om namnet på det nye storfylket


Ja og nei i BT

BT har i tysdagens avis sleppt til to redaktørar med ulikt syn på «Vestlandet» som namn på det nye fylket.


Frøy Gudbransen, politisk redaktør i BT, seier i ein kommentar i avisa nei til «Vestlandet», medan Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i same avis, seier ja til «Vestlandet».


Gudbransen meiner at det å insistera på at halve Vestlandet er Vestlandet, berre er ulogisk.


«Vestlandet ville være det naturlige navnet på et fylke som favner det meste av landsdelen. Men nå turer fylkestingene i Hordaland og Sogn og Fjordane frem som om planen om å samle Vestlandet lyktes», skriv ho.


Medan Øyulf Hjertenes peiker på at naboane ikkje har nokon grunn til å kjenna seg krenka over namnet på det nye vestlandsfylket.


«Motstandarane i Møre og Romsdal og Rogaland burde vore meir opptekne av skeivfordelinga av makt mellom sentrum og regionar i Norge, og mindre opptekne av kva som står på eit vegskilt når du kryssar ei gammal fylkesgrense.»


- Involvera andre

Sogn Avis har òg omtalt namnevalet på leiarplass. Også her vert det peika på at det faktiske Vestlandet er mykje større enn det fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland har bestemt seg for. Avisa meiner fleire burde vore involverte i prosessen:


"Og når det først skal lagast noko nytt, og dersom desse folkevalde meiner alvor med at det bør skapast litt entusiasme rundt prosjektet deira, vel - då burde dei kanskje leggja to pinnar i kors for å involvera andre i dette. Kanskje skapt litt engasjementet og entusiasme rundt spørsmålet om kva me faktisk bør kalla oss - me som bur i ein del av Vestlandet.


Men nei då - på same måte som folket ikkje vart spurde om dei ville vera ein del av den nye regionen, på same måte får folket eit namn tredd ned over hovudet. Eit namn som dei som har skapt denne fusjonen som er attende til før 1763, vart samde om som arbeidstittel over bordet då denne prosessen vart starta.»


Det er Stortinget som skal vedta kva det nye fylket skal heita.


Les òg: Samla på historisk fylkesting


Les meir om: Nyhende Politikk