INNLEIAR: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vitjar næringsdagane i Balestrand til våren. (Arkivfoto)

Røe Isaksen til næringsdagane i Balestrand

Torbjørn Røe Isaksen skal snakka om næringspolitikk for vekst, også i Sogn og Fjordane.

Publisert 06.02.2018 kl. 20.16.

Næringsdagane 2018 blir arrangert på Kviknes hotel i Balestrand 2. og 3. mai, og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen er ein av hovudinnleiarane. 


Også Øystein Dørum, sjefsøkonom i NHO, held føredrag. Lokale aktørar som Tom Dyrdal i Avery Dennison NTP og Inghild Lysne Sanden på Nortura Sogndal deltek også.


I ei pressemelding blir det trekt fram at fabrikkar i Sunnfjord og Sogn har fått nye kollegaer, i form av robotar. Rocketfarm i Sogndal står bak Sofus som jobbar på Bruland Palle og Emballasjefabrikk i Førde, og det finst ein liknande robot hjå Nortura Sogndal. 


Fabrikksjef Inghild Lysne Sanden kjem til næringsdagane for å snakka om nettopp dette: Effektivisering og automatisering av produksjonsprosessen i deira fabrikk.


Siste saker Gå til framsida