24 MEDLEMMER: Fellesnemnda for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar skal ha 24 medlemer: 15 frå fylkesutvalet i Hordaland og 9 frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. Nemnda skal fungera fram til nytt fylkesting vert konstituert i november 2019. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Årdøl skal leia vegen mot Vestlandet

Publisert 18.12.2017 kl. 12.30. Oppdatert kl. 13.51.

Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) skal leia arbeidet med å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestlandet fylke. Det vart klart då fellesnemnda hadde sitt første møte på Flesland måndag.


Nemnda skal fungera fram til nytt fylkesting vert konstituert i november 2019.


Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane vart valt til nestleiar.


I det første møtet skal dei i tillegg til å velja leiar og nestleiar, delegera mynde til fylkesrådmennene og prosjektleiar, og mellom anna handsama sak om nytt fylkesvåpen.


Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman frå 1. januar 2020


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida