Mykje oppryddingsarbeid står att ved Finnsåstunnelen. (Foto: Elin Hæreid)

Truleg opning søndag

Spylinga held fram fredag.

Publisert 11.01.2018 kl. 17.09. Oppdatert kl. 17.11.

Geologar frå Statens vegvesen har synfart fjellsida frå helikopter torsdag ettermiddag. Spyling frå helikopter har fått ned mykje stein og lausmassar, men spylinga må halda fram også delar av dagen fredag, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding torsdag ettermiddag. Massane i fjellsida må turka opp og stabilisera seg, før ein kan rydda vegen.


Dette betyr at rydding av vegbana ikkje kan starta før laurdag morgon. Laurdagen vil gå med til å rydda vegen og bygga voll på oppsida, mot rasområdet. Fjellreinsk-laget vil vera oppe i fjellsida og rydda manuelt, både laurdag og søndag.


- Når reinskelaget har avslutta arbeidet sitt for dagen på sundag kl.17.00, ser me føre oss at vegen kan opnast for fri ferdsel i eitt køyrefelt fram til måndag morgon kl. 09.00, seier byggjeleiar Rune Dvergsdal.


Det vil fortsatt pågå arbeid oppe i fjellsida i fleire veker framover. Først skal meir stein reinskast ned i skråninga og så skal eit midlertidig sikringsnett opp over vegen.


- Me legg difor opp til at vegen berre blir open til visse tider på dagtid, slik at ein får utført effektivt arbeid oppe i sida medan det er dagslys, seier Dvergsdal.


Frå måndag av blir vegen stengt mellom 09.00 og 12.00 og frå 12.30 til 15.45. I tillegg blir det køyrt kolonne i begge retningar kl. 13.40 og kl. 14.40. Utanom desse tidspunkta er det fri ferdsel.


 


Les også: Opnar neppe før helga


Les også: Her spylar dei fjellsida etter raset


Les meir om: Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida