KULT: Med saftige og sammfunnskritiske tekstar på aordalsmaol tek verdas einaste pønkeband med notestativ verda med storm. Ein gong i året.

Raggete rock med kjærlege sleivspark

Dette er historia om eit kultfenomen som oppstod stort sett berre basert på rykte. Møt Strupetakarane - verdas einaste pønkeband med notestativ.

Publisert 11.08.2017 kl. 19.00.

Frå songboka

Eg prata høgt i fylla
Eg har skyttarpokal på hylla
Eg bona bil te langt på natt
Eg bygge hus med feit karnapp
Men kall meg ikkje harry.
(Aordøl/Strupetakarane)

Eg kjem rå ein plas si Øvre
Dit soli aldri naor
Der ingen ha kjangs å merka
At vinter blir te vaor
Me vandrar rundt i ein skuggedal
omgjett av elv og veg
Du ser oss nesten aldri
Men nedi gropi der finn du meg
(Bungalowvgen/The River/Springsteen)

So støype e ein metallkuk på torget
To meter høg og glinsande og feit
Staor der som eit monument for adle
Adle dei som streva og som sleit.
(Tappevogn i Å1/Silver Stallion/The Highwaymen)

Denne bak scena-artikkelen vart skriven i samband med sist gong Strupetakarane var på scena, nemleg under Målrock i 2015 og publiser i papiravisa. Ettersom det no er duka for Strupiscomeback i Meieriparken trur me den tåler dagens lys ein gong til, journ mrk.


Fredag 7. august 2015, Huginhuset:


- Okai. Tappevogn, Siste Øl, Dalen, Indstri, Bungalow og Aordøl, da?


For uinnvigde kanskje kan det sjå ut som ei «ymse»-liste på eit medlemsmøte i Kjemisk.


I røynda er det Strupetakarane sitt ihuga forsøk på å setja saman ei settliste.


- «16 kol» kunne vore tøft og hatt som ekstra, kanskje. Men me burde vel jedna øva litt på den, da?


- Øving, det er feigt. Me øver ikkje på ekstranummer!

STÅR STØTT: Rekkefølgja er klar og låtar som «Mølsa, knurr og lofsekling» , «Magne Brusn» og «Industri» ligg klare på notestativet. Frode Aga og trommismanager Terje Svori er klare for ei bittelita øvingsøkt før det brakar laus.

Strupetakarane er eit band for dei heilt særskilde anledningane.


Dei opptrer ikkje i utide. Ikkje øver dei heller, i alle fall ikkje offisielt.


- Det har skjedd at me har byrja på forskjellige låtar. Men det som er mest skummelt, er at publikum ikkje oppdagar det, konstaterer Svend Arne Vee, vokalist.


- Men eg mistenkjer litt at folk driv og øver heime, det høyrest jo ganske bra ut. Isolert sett.

TRAVLE TIDER: 40-50 låtar i boka og berre ein time til å sepla. Ikkje alt går etter planen, men Svend Arne Vee (t.v.), Frode Aga, Gaute Johnsgaard og resten av Strupetakarane storkosar seg likevel. Det gjer tydelegvis fleire hundr etilskodarar og. Ekstranummeret som ikkje vart innøvd, vart det uansett ikkje tid til å spela.

Soga om Strupetakarane starta, slik dei fleste av dei store litt tilfeldig samanraska pønkebanda, i ein bakgard.


I ein røykjepause bak rådhuset på Tangen hausten 1999, foreslo Kari Vigen, juridisk rådgjevar i Årdal kommune for Gaute Johnsgaard, brannsjef, at dei skulle starta eit band.


- Namnet peika seg umiddelbart ut då me byrja å snakka om favorittbassisten hennar, Jean-Jaques Brunel, i the Stranglers. Så da gav det seg litt sjølv, det med Strupetakarane, fortel han.

EKSTRAØVING: Ein gong i året møtes Svend Arne Vee og dei andre Strupetakarane til øving, det er oftast dagen før spelejobben på Målrock.

Som sagt, så gjort.


- Kari hadde høyrt om einkvan som kunne syngja, og ringde vedkomande, men fekk avslag, det var kanskje eit par andre som takka nei òg. Men så var det nokon som hadde høyrt rykte om at Svend Arne Vee hadde tenkt å byrja i mannskoret, og meinte at då kunne han sikkert syngja, er den mest plausible forklaringa på kvifor det vart som det vart.


Bladfyken Vee drog med seg kollega Frode Aga og dukka opp på det som skulle vera ei skriveøkt, ein slags idedugnad heime hjå Kari.


- Men det utarta seg ein del, for å seia det slik. Og så vart det berre sånn.

INGEN FLOPP: - Beinstilling og attitude er alt. Øving er feigt, meiner Per Høyum. Dansebandkarrieren hans er det som til no har vore det største trugsmålet mot Strupetakarane sin eksistens.

Attende til Huginhuset, der resultatet av 16 år med uregelbunden øving, relativt faste speleoppdrag på Målrock og ei og anna intern stridigheit har gjeve Strupetakarane det næraste noko lokalt, litt tilfeldig samanraska konseptband kan komma ein kultstatus.


Det, i tillegg til ei songbok med rundt 50 låtar basert på kjende tonar med sjølvskrivne tekstar på aordalsmaol. Kven av dei som skal med på settet under denne niande målrock-konserten, er ei stadig kjelde til diskusjon.

NYE FANS: Beviset på at pønken slettes ikkje er død. Den er berre litt meir familievennleg. Simon (8, t.v.) og Jo (5) er på sin aller første festival for å sjå pappa Frode Aga og Strupetakarane live på scena. Mamma Kirsti Bakke Aga syter for øyrevern.

- Tappevogn er tre berre grep, den går i D, trur eg.


- Skulle me ha skrive om siste verset, eller? Korleis er det, eigentleg, er det lov å skriva om teksten?


- Nei, men er det ikkje eit vers til på den?


- Viss me dreg opp tempoet på alle låtane, og rett og slett spelar fortare, greier me kanskje Passasjer òg?

TROMMETRØBBEL: Midt i «Bøttejuvets song» tek pedalen på det lånte trommesettet kvelden, men Frank Runar Øren held taktfast fram medan proff lydmann prøver å rdna opp. Når enden på visa kjem, tjuvlåner Strupetakarane pedalen til Highasakite.

Det er først og fremst dei opprørske, innimellom bitande ironiske og stundom nådelaust ærlege tekstane som har gjort Strupetakarane til målrockveteranar.


Dei som hamrar laus på overmakter, styresmakter og kapitalkrefter og samstundes vrenger sjølve nerva i årdalsamfunnet, metallkoking, med innsida ut på ein så poetisk måte at Lou Reed heilt sikkert ville ha vore rørt om han hadde skjønt noko av det.

ELSKA LIFJORD: Vokalist Svend Arne Vee legg ikkje skjul på at han er fan av både heimbygda og med det fiktive TV-namnet Lifjord. Enten det, eller så er det ferja til Fjord 1.

Reed er elles opphavsmannen til ein av dei aller første og mest allsong-berre låtane Strupetakarane har på repertoaret.


Walk on the Wild Side, med den nynorske tittelen «Ta ein tur fram i Dalen» er eit kjærleg sleivspark til jostedølene som også har kokt sin del aluminium gjennom tidene. Innimellom nokre turar framatt i Dalen, vel å merke.


- Det var kanskje noko med ein del av tekstane som folk kjende seg att i. Nokon av dei er jo litt kritiske til årdalssamfunnet, men det er gjort med kjærleik. Slik er det me alt ein er glad i, ein tek styrkane og svakheitene, seier vokalist Vee.


- Og så er det litt hyllestar ute og går til forskjellige folk, det er litt av greia det og. Me set jo pris på desse folka, det er difor me gjer det. Og så har dei karaktertrekk som gjer at det er mogleg, legg gitar-Gaute til.

AGATRIO: Veslebror Frode Aga er vokalist, storebron Bjørn Erik (t.h.) spelar trompet medan mellomstemann Øyvind seier seg godt nøgd.

Strupetakarane er bandet som har teke på seg oppgåva med å syna at utruleg mange gode artistar laga utruleg mykje god musikk, men at dei berre framførte det på heilt feil måte.


Den nemnde Tappevogna i Å1, som opphavleg var ein countrylåt av The Highwaymen er eit slikt døme. Like eins den stillferdige Springsteenperla «The River», som mellom hendene på årdalsrockarane enda som eit herleg høglydt og temmeleg desperat brøl om hjelp frå ein plass i Øvre der sola aldri skin .


- Men det skal seiast, me har gjort låtar me absolutt ikkje burde ha gjort. Så som den gongen me laga ein easy listening-versjon av «Krasafarn steinbu» på riksmål medan me varma opp for Hellbillies i samfunnshuset. Stakkars Arne Moslåtten var vettskremd i lang tid etterpå.

STORT SAKN: Verjen Strupetakarane eller Målrocken hadde blitt noko som helst av om det ikkje var for dei gode ideane til Kari Vigen, som gjekk bort i 2012. Biletet er frå den aller første Målrocken i 2003.

Urframføringa av «Griiingo» under årets festival er nettopp ein slik hyllest, men mottakaren sjølv syner seg å ikkje vera til stades. Men Arild Vetti, legendarisk dørvakt på like legendariske Stova, var truleg til stades då Strupetakarane gjorde sin aller første konsert nettopp der påsken 2000.


Det same kan neppe seiast for dei mange som går rundt og hevdar at dei også var det.


- Det var kanskje 30 stykk som var der, mimrar gitarist Gaute.


- Det er første og einaste gong eg har fått ståande applaus frå den kanten der.


Kultstatusen er forresten godt hjelpt av eit råopptak frå miksebordet den kvelden som seinare vart svidd på CD og distribuert over ein låg sko på diverse vorspiel rundt om i bygda.


Det førte til at Svend Arne Vee fekk pønkestjernetilveret midt i trynet då han var på heimebesøk frå hovudstaden eit par månader seinare.


- Eg skulle nett inn på Veekiosken, og det kom rullande ein bil full av ungdommar med nedsveiva glas og musikk på full hyling. Eg rista no litt på hovudet over det, men det er no slik ungdommen er. Så med eitt gjekk det opp for meg at det var eg sjølv som song.


Nesten like brutalt var det då Strupetakarane stilte på Stova att året etter, og kultstatusen sytte for at det var over 400 inne og ein heil haug til i kø utanfor.


- Det var komplett kaos. Og det var på den tida folk røykte inne, så skodda hang tjukt og lågt. Då folk byrja å hoppa på golvet og alt byrja å svaia, kjende eg at eg vart litt skeptisk, hugsar Gaute.


- Men det mest minneverdige var nesten den likbleike maska til Svend Arne då han såg kor fullt det var.


I samband med dei uregelbundne og ofte temmeleg kaotiske framføringane, har Strupetakarane profilert seg på at dei truleg er det einaste pønkebandet gjennom tidene med notestativ. Det må faktisk til når dei også er eitt av få pønkeband med eiga blåsarrekkje. Eit anna særpreg er det faktum at desse pønkarane her dessutan har slagverk godt over snittet.


- Me har dobbelt opp av trommisar. Sånn er det berre. Ei stund hadde me to trommesett på scena samstundes òg, men det får me ikkje til denne gongen, det er litt logistikk med det, kan du sei.


Seinare skal det syna seg at dei ikkje ein gong har eitt einaste trommesett. Sånn omtrent ein time før konserten startar.


Green room, Klingenberg hotell, laurdag 8. august.


- Rykta er sanne, karar. Me har faktisk ikkje noko trommesett!


Gjengen er samla før det brakar laus og tek livet med knusande ro over ei Tya-øl medan managertrommis Terje Svori er på gardane på leit etter slagverk.


- Avtalen var at Highasakite sitt sett skulle stå der så me kunne bruka det, men han hadde vel ikkje så lyst til at lokale pønkarar skulle borti det, da..? Hehe, han trur kanskje det er Sid Vicious som kjem og at han får det att i betar . Ke ru masa ette, liksom!?


Sett vekk frå sansen for raggete rock, er det i grunnen eit godt stykke frå dei herja britane i Sex Pistols til dei litt meir polerte pønkarane frå Indre Sogn som syslar med jakt og fiske og friluftsliv i fritida. Enkelte spelar dessutan i korps, men vil helst dyssa det ned i slike samanhengar.

- Det er slikt som truar heile eksistensen til Strupis, forklarer Svend Arne Vee.

- Folk får driva med kva dei vil til dagleg, titlar spelar lita rolle. Det er først når bandmedlemmer blir avslørt med dårleg musikksmak at image blir eit tema. Det er ikkje mange åra sidan Strupetakarane heldt på å gå i oppløysing då det med eitt kom fram at Per hadde byrja i danseband.

- Han dreiv på i det skjulte, heilt til nokon såg eit bilete av han i gulldressen. Det enda i eit skikkeleg iltert oppvaskmøte. Me har trass alt eit rykte å ta vare på.
Utover manglande trommesett, knyter uroa seg stort sett til om folk faktisk kjem når dei lokale heltane skal opna ballet klokka sju denne laurdagen.


- Kanskje tenkjer folk at dei har sett Strupis før og at dei har det for kjekt på vorspiel til at dei kjem seg nedover, at dei heller kan ta det neste år. Men me veit jo ikkje om me kjem att neste år, det veit me jo aldri. Me har truga med å gje oss før, så vidt eg hugsar. Avskjedsturne har me hatt òg. . eller, me har i alle fall t-skjortene som hevdar at me har hatt det, seier medvokalist Frode Aga.


Han vart tusken då Strupis vart tatt av vinden sist dei stod her. Då storma det nemleg slik i Meieriparken av konserten deira vart avbroten medan resten av festivalen vart avlyst.


- Men i år er det me som skal blæsa folk av scena. Viss det kjem folk, altså. Me har hatt god draghjelp tidlegare, mellom anna av Kari Bremnes. Det var oppvarmingsbandet sitt, det! Me får no håpa i det minste at me greier å dra litt folk for Odd Norstoga i år.


Inne i baren på Klingen tuslar den same Norstoga forbi og har langt meir til felles med sognepønkarane enn han kanskje trur der og då. Dei stod nemleg begge på den aller første målrockplakaten i 2003, før Odd tok av med grisen litt seinare på året og enda opp som rikskjendis og heile Noregs kjæletelemarking.


Eit udiskutabelt faktum er uansett at ingen av dei hadde vore her i det heile tatt om det ikkje hadde vore for Kari Vigen.


Etter at advokat og bassist Vigen hadde drege i gang Strupetakarane rundt tusenårsskiftet, var ho nemleg på ein konsert i Lærdal med den då temmeleg ukjende Norstoga, som nytta omgrepet «målrock» for å skildra musikken sin. Då fekk Kari ein ide om å skipa til ein eigen festival for å fremja musikk på dialekt og kalla det for nettopp; Målrock.


No er festival nummer 13 i rekkja i ferd med å slå alle tidlegare rekordar, og Strupetakarane snakkar om saknet etter bassisten som så alt for tidleg gjekk bort i 2012.

- Klart me merkar at Kari er borte. Ho var den som starta denne galskapen og var drivkrafta, den som heldt i taumane og hadde ei fantastisk evne til å plukka låtar ho meinte me burde gjera, seier Gaute.

- Og det er klart, me gjekk ganske raskt i tenkjeboksen då me mista Kari, med tanke på om me i det heile tatt skulle halda fram, legg Svend Arne Vee til.
- Men me kom også ganske raskt fram til at ho hadde blitt steik forbanna viss me hadde gjett oss..!

Gunnstein Røneid var den som vikarierte for Kari då ho grunna sjukdom ikkje kunne stilla, og den som sidan er blitt fast medlem med bassen. Han var snar å takka ja til jobben i bandet han hadde følgd sidan starten.

Med det følgde også ei viss oppstramming i høve til øvingskultur.

- Slik sett var det meir pønk før, altså. Då tok me det meir på sparket. Gunnstein masa alltid om å øva, så me måtte lata han få viljen sin, i alle fall litt av og til.


Studioinnspelingar er førebels blitt med snakken, trass i tallause oppmodingar frå skaren av fans som vil ha meir enn den 15 år gamle bootleggen frå Stova. Det får vera måte på.

- Då må det bli eit liveopptak i så fall. I studio blir det alt for mykje triksing og miksing. Herregud, autotune, liksom. Det skulle ha teke seg ut.

Stor scene er dei no heller ikkje særleg komfortable med.

- Me er av folket, veit du, og vande med å ha tett kontakt med publikum, så dette med stor scene er ikkje noko for oss, slår Gaute fast, men han lyt finna seg i det når dei dreg i gang det som skal bli den festlegaste av alle målrocklaurdagar så langt med 2000 tilskodarar.

Rett nok er ikkje alle heilt ferdige med vorspielet endå, men litt etter litt dukkar det faktisk opp fleire hundre gamle og nye Strupissupportarar.

Der oppe på den store scena lever Strupetakarane ut rockestjernedraumen, om enn berre for ein knapp time. Det blir kanskje aldri platekontrakt eller Spellemannspris, verdsherredøme eller Spotifysuksess.

Men du får ei aning om at du kanskje har gjort noko rett likevel når fleire hundre strekkjer armane i vêret og syng så det ljomar utover Sognefjorden på siste refreng:

«Før eg e aordøl. Ein ekte aordøl. Ja, berre aordøl. Men det helde, det!»


Siste saker Gå til framsida