Prøvesmakar på alt

Kva skjer når to ghanesiske fotballspelarar skal baka kakemenn for fyrste gong?

Publisert 23.12.2016 kl. 08.59.

Det får du svar på i femte episode av nettserien «Bak disken». Gilbert Koomson og Mahatma Otoo bakar kvite kakemenn med ei ufullstendig oppskrift.


Ansvarsfordeling

- Du bør alltid ha ei skei klar, slik at du kan prøvesmaka, seier Koomson. Det er nemleg ikkje berre deigen ein kan smaka på. Koomson får testa smaksløkane på både smelta smør, konditorfarge og hornsalt. Medan smaksløkane til Koomson får køyrt seg, kan det sjå ut til at Otoo får ansvaret for sjølve bakinga.


- At eg smakar på alt er viktig for at han skal gjera ein god bakejobb, meiner Koomson.


Eigne juletradisjonar

I episoden får ein også sjå fotballtriksing med frukt, ei svært gjennomtenkt kakepynting, og Koomson sin særeigne kjevleteknikk.


- Om dette blir vellukka, kan me opna restaurant, seier Otoo.


Praten svingar også innom den tradisjonelle ghanesiske julefeiringa, familietradisjonar og ghanesisk julemat. Kva fellestrekk har julefeiringa på vestkysten av Afrika med den norske? Dette får ein svar på i femte del av «Bak disken».


Kårar vinnarane

På Julaftan er det klart for siste episode. Juryen, som av programleiar Helge Slinde vert omtalt som «best, profesjonell og uavhengig», består av Åse Kongsvik og Jan Inge Fardal.


- Åse Kongsvik har skrive kokebok og kan baka i blinde. Jan Inge Fardal har skrive Sogn Avis og kan smaka i blinde, seier programleiaren.


Kongsvik og Fardal smakar seg gjennom episodane, og brune pinnar, berlinerkransar, peparkaker, havrekaker og kvite kakemenn vert prøvde i kategoriane konsistens, smak, utsjånad og kreativitet.


«Forbløffande tam»

I døminga vert baksten og bakinga omtala som «ikkje verst», «forbløffande tam», «slankejul», «fint steikt», «kraftig og skrikande», «slankekost» og «desse har gløymt sukker». Kven som imponerer domarane mest og korleis julekakene faktisk smakar, får du sjå på julaftan på sognavis.no.


Siste saker Gå til framsida