KONKURRANSE: Bildeglimt av skulen, eller skulekvardagen, kan bli premiert i ein fotokonkurranse. (Illustrasjonsfoto: Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Premierer foto av skulen din

Fylkeskommunen og fylkesarkivet inviterer til fotokonkurranse.

Publisert 01.10.2017 kl. 13.10.

Med skulerelaterte motiv kan du no vinna premiar i ein fotokonkurranse.

- Motiv på bileta kan vere alt frå skuleveg, skulebygningar, situasjonar og uteområde til gjenstandar som blekkhus, pennalhus, nettbrett og aktivitetar som paradis, fotball og klatrestativ. Eller noko heilt anna. Bruk fantasien og delta i fotokonkurransen på Facebook eller Instagram, skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding.

Ein kan delta ved å lasta opp biletet eller bileta dine offentleg og merka dei med emneknaggen #skulenmin. Biletteksten tel med i vurderinga av biletet.

Konkurransen blir arrangert av prosjektet Skulen min, som er eit samarbeid mellom fylkesarkivet og fylkeskommunen. Prosjektet har dei siste åra har kartlagt skulehistorie i heile fylket. No ønskjer dei å sjå kva folk i fylket forbinder med #skulenmin. Du kan delta med nye bilete frå skulen og skulekvardagen i dag, eller senda inn gamle bilete om du har det. Bileta må du ha teke sjølv.

Ved utgangen av kvar månad vil prosjektet Skulen min gå gjennom alle opplasta bilete og velja ut eitt som vert premiert med eit gåvekort på 300 kroner. I august 2018 konkurrerer alle månadsvinnarane om hovudpremien på 3.000 kroner.
Første frist for å senda inn bilete er 31. oktober.