Polsk varebil stakk frå kontroll

Publisert 15.02.2017 kl. 20.08.

Ein polsk varebil vart meld for å stikka frå kontroll, og for fleire andre brot på lovverket, under ein kontroll på Håbakken onsdag. Vedkomande er meld for brot på køyre- og kviletid, manglande fartsskrivar, manglande felleskapsløyve og for å driva ulovleg kabotasje i Noreg.


I kontrollen vart det totalt gitt 11 bruksforbod. I tillegg til manglande på den polske varebilen handla det om tekniske manglar, manglande kjetting eller vinterdekk, lastsikring og overlast.


Det vart gitt to vognkortgebyr, tre kjettinggebyr, eit dekkgebyr og to overlastgebyr, 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal