BUSS: Etter kollisjonen med vogntoget, stogga ulukkesbussen i fjellveggen inne i Nakkagjelstunnelen. (Arkivoto: Oddgeir Øystese, NRK Hordaland)

Politiets konklusjon om bussulukka klar

Ekspressbussen på veg mot Bergen måndag 16. oktober i fjor kom over i feil køyrefelt like før Nakkagjelstunnelen.

Publisert 12.01.2018 kl. 13.32.

Politiet på Voss er ferdig med etterforskinga av ulukka ved Nakkagjelstunnelen på E16 den 16. oktober i fjor, skriv NRK Hordaland på nettsidene sine.


Ein ekspressbuss på veg mot Bergen kolliderte med eit vogntog like ved den austre inngangen til tunnelen. I samanstøyten mellom dei to tunge køyretøya mista den 62 år gamle bussjåføren livet.


Førarfeil

Politiet konkluderer med at det var ein førarfeil som var årsaka til ulukka. Politiførstebetjent Per Gunnar Thrane ved Voss lensmannskontor seier til NRK Hordaland at bussen har kome over i feil køyretfelt.


- Kvifor det har skjedd, veit me ikkje, seier Thrane til NRK.


Føraren av det møtande vogntoget har i politiavhøyr forklart at han prøvde å styra unna ved å koma seg lengst mogleg ut på sida si. Grunna rekkverket på staden greidde han ikkje unngå å kollidera med bussen.


18 passasjerar

Føraren av vogntoget kom ikkje fysisk til skade i ulukka. Han er no tilbake i arbeid hjå arbeidsgjevaren sin, Asko as.


På ekspressbussen, som var på veg frå Sogndal til Bergen, var det til saman 18 personar. I tillegg til sjåføren som omkom, vart fem passasjerar lettare skadde. Dei andre tolv om bord i bussen kom ikkje fysisk til skade i ulukka.


Havarikommisjonen

Etter ulukka vart begge køyretøya undersøkt av Statens vegvesen, utan at det var påvist tekniske feil eller manglar på nokon av køyretøya.


Vegvesenet sine undersøkingar viste også at begge sjåførane har halde seg innafor reglane som gjeld for køyre- og kviletid.


Statens havarikommisjon for transport gjennomfører også ei gransking av ulukka ved Nakkagjelstunnelen. Ein del av granskinga til havarikommisjonen er å gje ein analyse av vegtilhøva på E16 i ulukkesområdet.


Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida