Politiet ser på forsvinningssak på nytt - vil koma i kontakt med desse personane

Politiet tek opp att forsvinninga til Christer Fretheim Flem.

Publisert 18.10.2017 kl. 14.50.

Politiet fekk i førre veke ein video av to personar dei ynskjer å koma i kontakt med i samband med forsvinningssaka til Christer. Dei skal no gå gjennom heile saka på nytt for å prøva å finna svar på kva som skjedde då 37-åringen forsvann under ein tur ved Haukåsen i Sogndal i mai i fjor.


- Familien har ikkje fått svar på kva som har skjedd, og me synest det er vanskeleg å legga vekk saka. Me har difor sett ned to personar som skal sjå på saka på nytt frå A til Å, seier einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt, Arne Johannessen.


Ber om hjelp

Eitt steg i det nye arbeidet var å be publikum om hjelp gjennom Åsted Norge. I går viste TV2-programmet to videoar av personar politiet ynskjer å koma i kontakt med. Den eine videoen viser ein mørk Audi stasjonsvogn på veg ned frå Haukåsen i 18.30-tida. Den andre videoen viser ein syklist som kjem ut frå skogsvegen der 37-åringen gjekk.


 


Sporlaust vekke

Christer hadde Angelmans syndrom. Dagen han forsvann var han på tur i området rundt flyplassen på Haukåsen saman med nokre pleiarar. Det siste pleiarane såg av 37-åringen var at han stogga opp ved ein snøhaug. Det har vore gjort fleire søk i området, både med drone og helikopter med varmesøkjande kamera. Store styrkar har også søkt i terrenget. Men Christer er ikkje funnen.


Etter forsvinninga oppretta fylkesmannen tilsynssak som konkluderte med at Melås Helse ytte uforsvarleg teneste.


 


Fått inn tips

Politiet står førebels utan spor. Dei håpar gjennopptakinga vil få fram nye moment i saka.


- Me brukar no mykje ressursar på å kvalitetssikra dei opplysningane me har, men ser også etter nye moment, seier Johannessen.


Etter at programmet vart vist på TV2 tysdag har politiet fått inn ein del tips.


- Innhaldet i dette kan eg ikkje seia noko om no, seier Johannessen. 


Politiet oppmodar framleis folk som kan ha sett eller veit noko om å ta kontakt.


 


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida