Politiet greip inn mot støyande par og festglade ungdomar

Publisert 29.10.2017 kl. 08.14. Oppdatert kl. 08.27.

Laurdag kveld fekk politiet melding om ein ungdomsfest på Loi i Årdal.


Det var mykje alkohol på festen, og politiet reiste til staden. Festen heldt fram utan alkohol, melder politiet på Twitter klokka 01.20 laurdag.


Klokka 02.46 melder politiet om ordensuro på offentleg stad i Øvre Årdal, mellom to par i 40-åra. Politiet har vore på staden.


Fleire stader i fylket har det vore festuro natt til laurdag. I Førde var det munnhoggeri utanfor ein utestad som endte med at to menn i 20-åra vart sende kvar sin veg.


I Førde var det også eit tilfelle av slåsting mellom to unge menn, den eine vart sett i arresten og meldt. På Nordfjordeid vart det også meldt om slåsting, men der var partane borte då politiet kom til staden.


I Stryn blir det oppretta ei sak på ein mann i 30-åra for køyring i rusa tilstand. Også på Raudeberg vart ein mann i 30-åra stogga og er mistenkt for promillekøyring.


 


Les meir om: Nyhende Politi Årdal

Siste saker Gå til framsida