Pålagt døgnkvile på staden

Publisert 08.02.2018 kl. 21.11.

I ein kontroll i Lærdalsdalen tordag avdekte Staten vegvesen ein del brot på lovar og reglar.


I ein norsk lastebil lasta med fisk vert føraren meld for svært grove brot på køyre- og kviletida. Turen hadde gått frå Nord-Noreg utan særleg kvile, og føraren vart pålagt døgnkvile på staden.


Eit latvisk vogntog fekk køyreforbod grunna oljelekkasjar på motor og eit hjullager som var i ferd med å gå sund. Med tanke på brannfare i tunnelane fekk dette vogntoget ikkje halda fram transporten mot Bergen. Feila må reparerast før han kan køyra og bruka hengaren att.


To norske varebilar vart tekne med mykje overlast, og begge fekk køyreforbod og måtte lasta om. Den eine vart meld fordi han hadde alt for mykje overlast.


Eit litauisk vogntog fekk køyra til nærmaste verkstad grunna feil på ABS-bremser på tilhengaren. Føraren av vogntoget fekk også trafikkgebyr for manglande bruk av bilbelte.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida