Person til sjukehus etter å ha blitt slått til i Sogndal

Publisert 29.11.2017 kl. 19.35. Oppdatert kl. 20.27.

Klokka 19.24 onsdag kveld melder politiet på Twitter at ein person skal vera slått til i Sogndal sentrum.


« AMK medlder at ein person skal vera slått til/angripen av tre personar. Ingen opplysningar om gjerningspersonar. Ambulanse og politi er på veg til adressa», skriv politiet.


Klokka 19.31 melder politiet at dei har kontakt med både ein mistenkt og den fornærma.


Rett over kokka 20 melder politiet at den fornærma blir teken med til Førde sentralsjukehus for røntgen.


- Det er slag mot ansikt og magen. Ukjent alder so langt. Mistenkte (18) er dimmitert på staden. Politipatruljen vurderer anmelding ut frå opplysningane som ligg føre, opplyser politiet på Twitter.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida