TRYGGARE: - Pengane skal brukast til å kjøpa brannutstyr, sa Per Hilleren t.v. då han kom med uventa gåve frå Gjensidigestiftelsen til samarbeidsgruppa for Sørsida, her med Ole Inge Skagen. (Foto: Privat)

Pengegåva gjer det meir branntrygt

No har dei endeleg fått pengar til å kjøpa utstyr til brannsløkking.

Publisert 21.12.2016 kl. 21.42. Oppdatert kl. 23.06.

Samarbeidsgruppa for Sørsida av Lustrafjorden har fått ein gåvesjekk på 100.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen, og pengane er øyremerkte til brannsløkkingsutstyr på Ornes.


Fleire slangar

- Me har frå tidlegare ein brannhydrant i nærleiken av stavkyrkja som Fortidsminneforeininga har betalt for. Bygdefolket har årleg ei øving i bruk av hydranten og tilhøyrande slangar. Mange av slangane er utgått på dato og i tillegg var det behov for fleire slangar for å nå ut til fleire husstandar, seier Ole Inge Skagen, som tok mot gåva på vegner av samarbeidsgruppa.


I tillegg til nye og fleire brannslangar, har det vore ynske om å få kjøpt ein skaptilhengjar til bil til å lagra brannsløkkings- utstyr, klar til å ta med seg.


- Me har fleire gonger søkt om å få midlar frå lokalt hald, men har stadig fått til svar at me måtte skaffa utstyret sjølve, seier Skagen.


Overraska

På den siste øvinga kom ideen opp om å søkja Gjensidigestiftelsen om støtte. Torsdag kom Per Hilleren med den gledelege overraskinga om at dei har fått pengegåva som er øyremerkt brannsløkkingsutstyr på Ornes..


- Me er svært takksame og letta for endeleg å ha fått midlane som skal til for å styrkja brannberedskapen vår her i bygda. Me har innsett at utrykkingstid til Ornes til tider kan vera lang. No kan me i større grad vera sjølvhjelpne fram til brannmannskap kjem, seier Ole Inge Skagen.