REKNESKAP: Fylkesrådmann Tore Eriksen (t.h.) kan rapportera om overskot for fylkeskommunen i 2016. (Arkivfoto)

Overskot for fylkeskommunen

Fylkesrådmannen har lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2016.

Publisert 16.02.2017 kl. 15.50. Oppdatert kl. 15.56.

Rekneskapen syner eit overskot på 14,5 millionar kroner.

- Dette er eit noko lægre tal enn gjennomsnittet dei fire siste åra. 2016 er då også fyrste året der inntektene har gått vesentleg ned, jamfør det nye inntektssystemet. Sett i lys av det, må resultatet seiast å vera bra, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Netto driftsresultat vert nytta som ein indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst fire prosent.

Netto driftsresultat 2016 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 214,9 millionar kroner, det vil seie 6,8 prosent. Tilsvarande tal i 2015 var 5,3 prosent.

 


Styring

I budsjettstyringa skil ein mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

- For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at me skal ha budsjettdekning for dei tenestene me yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; me styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at me kjem ut med ei netto innsparing på 7,6 millionar kroner på sektornivå i 2016, heiter det i pressemeldinga.


Fellesinntekter- og utgifter

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk fylkeskommunen i 2016 ei netto meirinntekt/innsparing her på 6,9 mill. kr.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2016. På desse to inntektspostane fekk fylkeskommunen ei meirinntekt på om lag 8,7 mill. kr (0,35 prosent). Skatteinntektene for fylkeskommunane har hatt ein sterk auke i 2016. Prognosane har auka frå +3,6 % i statsbudsjettet for 2016 til det endelege resultatet på +7,2 prosent. 

På dei andre områda innan fellesinntekter og -utgifter er det berre mindre avvik som samla utgjer ei mindreinntekt på 1,7 mill.kr.


Sektorane

Fylkeskommunen har ei sektorramme på 2,2 mrd. Slik var mindreforbruket på sektorane:


Forvaltning: 3,8 mill.


Opplæring 0,8 mill. Vidaregåande skular og fagskulen har ein innsparing på ordinær drift på om lag 5,5 mill. Skulane har resultatoverføring til 2017 og innsparinga påverkar ikkje rekneskapsresultatet.


Tannhelse: 2,6 mill. Også denne sektoren har resultatoverføring.


Næring og kultur: 1 mill.


Samferdsle: 1,8 mill. Fylkesveg-drift og vedlikehald har ei innsparing på 9,5 mill. kroner som vert overført til 2017. Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.


 


Les meir om: Nyhende Politikk