TIL FOTS: Medlemer i Jostedal spel- og dansarlag og Lystringen kuttar ut bilen. I staden går dei den gamle ferdslevegen over Handspiki for å vera på Landsfestivalen. (Foto: Privat).

Over Handspiki til landsfestival

Sogningar og lesingar tek beina fatt for å koma på landsfestivalen i Sjåk.

Publisert 31.07.2018 kl. 20.00.

Startskotet går onsdag 1. august. Det fine sommarvêret har motivert til fine fjellturar denne sommaren, og mange planlegg no å gå til Skjåk på Landsfestivalen.


Ferdslevegen

Både i Luster og på Lesja har eldsjeler initiert eigne «gå-på-Landsfestivalen»-turar. Spelemenn og -kvinner, dansarar og andre gammaldansinteresserte gler seg på festival, og denne gongen blir det altså med ein sosial fjelltur som prikken over i-en.


Ferdselsvegen frå Jostedalen i Luster kommune i Sogn over Handspiki til Sota seter i Skjåk i Gudbrandsdalen har, historisk sett, vore mykje nytta til både fedrift, handel og sosial kontakt. Innafor runddansmusikken finn ein mange slåttar som har vandra mellom dalføra.


Ut på vandring

No tek ein stor gjeng frå Jostedal Spel- og Dansarlag og Lystringen opp att tradisjonen og går turen over Handspiki til Landsfestivalen.


- Turen startar ved Styggevatnet onsdag 1. august kl. 09.00 og det vert lagt opp til eit tempo som alle taklar, seier Arve Bjørn Røneid, ein av eldsjelene i folkemusikk- og gammaldansmiljøet i Sogn.


- Her er det berre å slengja seg med for den som vil, held han fram.


Styggevasshytta

Det var under eit styremøte i Jostedal Spel- og Dansarlag at idéen vart lagt på bordet, og langtidsvarselet hjå Yr melder at dette blir ein godvêrstur med innlagt spel og dans på vegen. Om du ynskjer å melde deg på turen, eller få oppdateringar, kan du berre søke på GÅPÅFESTIVAL 18 på Facebook.


Men det er ikkje berre onsdagen det kjem folk farande frå Sogn. Ein delegasjon frå «Lystringen», som har vunne lagdansen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk fleire gonger, reiser onsdag kveld opp til Styggevasshytta. Der vert det rømmegraut, spekemat, kaffi, kaker, spel og dans, før dei torsdag går same turen over til Skjåk som delegasjonen dagen før.


Storkosar seg

I år, som for ti år sidan, går medlemmar frå Lesja toradarklubb, «På 2. rad», over fjellet til Skjåk på Landsfestivalen. Dette er ein tur som tek om lag fem timar, og dei som er med på turen vert løna med servering på Aursjøen før dei kjem til Bismo.


Lesja toradarklubb har eksistert i 22 år og det viktigaste i klubben er samhaldet og miljøet. Gjengen frå Lesja har vore på alle Landsfestivalane sidan 1997 med unntak av ein. Dei storkosar seg med buskspelet og det sosiale på campingplassen og tykkjer det er triveleg å både sovna og vakna til gammaldansmusikk, men dei seier og at dei likar å vere deltakarar.


- Me har nok markert oss mest i det sosiale livet på campingplassen, men me tykkjer det er utruleg stas at den nye klassa for toradar- og trekkspelklubbar har kome på tevlingsprogrammet, seier den lystige gjengen.


Heile døgnet

Lesja toradarklubb lagar annakvart år kulturkveld med toradarmusikk og sketsjar i skjønn foreining. Dette er kveldar som har vorte veldig populære i heimbygda, og er ei viktig inntektskjelde for klubben. Overskotet går naturlegvis til sosiale hendingar, og i år skal dei til Italia.


- Men no gler vi oss mest til tur over fjellet og musikk heile døgnet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk!


 


Les meir om: Nyhende Luster Musikk

Siste saker Gå til framsida