Over 260 blei kontrollerte - berre to fekk gebyr

Statens vegvesen gjennomførte ein omfattande kontroll i sogndalsområdet.

Publisert 06.09.2018 kl. 22.23. Oppdatert kl. 22.27.

Torsdag var Vegvesenet ute og kontrollerte beltebruken på bussar og i personbilar.

Totalt 264 vart kontrollerte. Av dei var 136 førarar eller passasjerar i personbilar. Alle nytta beltet, noko Vegvesenet karakteriserer som svært positivt.

Ni bussførarar nytta også bilbelte, og 119 passasjerar vart sjekka. Av desse var det to kinesiske passasjerar som ikkje nytta bilbelte og fekk gebyr.

I kontrollen vart det også skrive ut 12 mangellappar på manglande lys på kontrollerte køyretøy. Ein fekk køyreforbod fram til lysa vart ordna. 

Ein norsk lastebilførar vart meld for manglande yrkessjåførkompetanse under køyring av gods. Han fekk også eit køyreforbod inntil kompetansen vert ordna.
Ein tung motorsykkel fekk mangellapp på støy då eksosanlegget var av ikkje godkjent type. I tillegg vart det avdekt lysmanglar. 


Les meir om: Nyhende Notis Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida