SKUFFA: Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest, er skuffa over at så mange vel å ikkje nytta beltet når dei tek buss. (Foto: Statens vegvesen)

Over 200 sat usikra i bussen

I alt 248 bussar og 4.372 busspassasjerar blei kontrollerte på Vestlandet under Belte i buss-kampanjen førre veke.

Publisert 12.09.2018 kl. 10.48.

156 av dei usikra fekk gebyr for manglande beltebruk, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.


Vel å ikkje sikra seg

Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest, er uroa over at det framleis er ein del som vel å sitja usikra i bussen når dei har moglegheit til å sikra seg med belte.

- Me har skrive ut over 150 gebyr, og det er veldig mykje. Terskelen for å skriva ut eit gebyr på manglande bruk av belte i buss er høg, så eg kjenner at det er eit skuffande bilete me no har på kor medveten folk er med sikring av seg sjølve når dei tek buss. Me arbeidar heile tida med å betra trafikktryggleiken på vegane våre, og eg ynskjer at folk skal tenkja på sin eigen og ikkje minst andre sin tryggleik når det ikkje festar belte, seier ho.


- Flinke sjåførar

Ho er likevel nøgd med at heile 248 bussjåførar blei kontrollerte, og at berre to av sjåførane sat utan belte.

- Tala seier meg at me kan tenkja på sjåførane som våre ambassadørar for trafikktryggleik. Eg har også snakka med fleire bussjåførar denne veka som stadfestar at dei gjer ein god innsats for å sikra passasjerar og har eit ynskje om å bidra til ei trygg reise.


Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida