KLARE FOR OPNING: Ordførar Jarle Aavoll og Gunnar Solbakken, prosjektleiar i Statens vegvesen, håper mange kjem for å få med seg opning av Loftesnesbrui og Fjordstien i Sogndal fredag. (Foto: Asbjørn Røneid, Statens vegvesen)

Oppmodar folk om å gå til stor vegopning

Fredag blir det opning av både den nye Loftesnesbrui og Fjordstien i Sogndal.

Publisert 23.08.2018 kl. 13.33. Oppdatert kl. 13.40.

- No står berre siste finpussen att - siste rest av planting, montering av skilt og rydding og kosting, seier Gunnar Solbakken i Statens vegvesen dagen før snorklypping og opningsfest for nye Loftesnesbrui.


- Me trur at me har kontroll, og me har kontroll, men det er ganske mange brikker som skal på plass siste døgnet, seier ordførar Jarle Aarvoll, som bur seg på offisiell opning av Fjordstien i Sogndal.


- Høyrer saman

Dei to arrangmenta er samkøyrde. Først vert det opning av brua der vegvesenet byr på kaffi og kaker til dei frammøtte og der det mellom anna skal avdukast to skulpturar på loftesnessida av brua. Deretter vil alle gå over Loftesnesbrui før programmet held fram med opning av Fjordstien.


- Det er heilt naturleg at kommunen og vegvesenet samarbeider om dette. Desse to prosjekta høyrer saman og heng saman. Det er fantastisk flott at me kan gjera dette på same dagen, seier Aarvoll, som håper å sjå mykje folk ved brua og Fjordstien fredag ettermiddag og kveld.


- Me håper og trur at det kjem mykje folk. Det er 60 år sidan me hadde noko liknande, seier han og tenkjer då på opninga av gamle Loftesnesbrui i 1958.


- Parker i sentrum

Men med mykje folk på opningsfesten, kan det bli vanskeleg å finna parkeringsplass. Oppmodinga frå Solbakken er difor klar:


- Me ynskjer at folk som kjem på arrangementet, parkerer i sentrum og går bort til opninga på Loftesnes, seier Solbakken og minner om at når folk har gått tilbake på Fjordstien i samband med opinga av denne, vil dei vera tilbake i sentrum der bilen deira då står parkert.


Aavoll stiller seg bak denne oppmodinga.


- Å parkera på Nestangen i morgon er ikkje nokon god plan. Oppmodinga frå vegvesenet og kommunen er difor at folk kjem gåande.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal