RAS: Det har gått ras på rv. 92. (Foto: Innsendt)

Opnar vegen for skuleskyssen

Publisert 07.12.2017 kl. 12.24. Oppdatert kl. 12.26.

Fylkesveg 92 har torsdag vore stengd på to stader grunna ras og flaum.

Vegen er no open att mellom Framfjordtunnelen og Arnafjorden, opplyser Vegvesenet. Vegen var stengd med bom ved Eitreneset. Årsaka var at Framfjordtunnelen var stengd grunna flaum, melde kommunen på sine nettsider.

Mellom Framfjorden og Indrefjord er vegen stengd på grunn av ras. Vegen blir opna for skuleskyssen torsdag ettermiddag, men vil bli stengd att torsdag kveld, opplyser fylkeskommunen.

Fredag klokka 8 vert ny vurderinga av om vegen kan opnast.


Les meir om: Nyhende Vik Trafikk

Siste saker Gå til framsida