Opnar måndag morgon

Riksveg 5 Fjærlandstunnelen blir opna for styrt trafikkavvikling måndag morgon.

Publisert 21.04.2017 kl. 14.41.

Statens vegvsen opplyser at første kolonne går frå Skei-sida klokka åtte.


- Me opnar Fjærlandstunnelen for styrt trafikkavvikling måndag morgon. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring, med inntil 30 minutts ventetid, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.


Halvtime med venting

Frå Fjærland-sida blir då første mulegheit til å sleppe gjennom tunnelen rundt klokka 08.15. Det vil vere inntil 30 minutts ventetid mellom avgangane frå kvar av sidene, og leidebilsjåførane vil tilpasse det slik at rutebussane vert minst mogleg forseinka. Styrt trafikkavvikling vil vere gjeldande inntil ny beskjed blir gitt, då det fortsatt er arbeid i tunnelen som må gjerast ferdig.


Travel helg

Reparasjonsarbeidet pågår i dag for fullt inne i tunnelen, og vil vare gjennom helga. I dag er det påføring av sprøytebetong for å sikra tunneltaket på brannstaden, det blir sett inn fjellsikringsboltar, og snart startar arbeidet med å reparera det elektriske systemet i tunnelen. Tunnelen skal òg vaskast grundig før opning måndag morgon.


- Mange har stått på for å reparere tunnelen så fort som muleg, og me er glade for at tunnelen kan takast i bruk allereie måndag, seier Finden.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida