OPNING: Tysdag vart det nye toalettanlegget i Solvorn offisielt opna. (Foto: Ingrid Marie Slinde)

Opna nytt toalettanlegg i Solvorn

Publisert 16.05.2018 kl. 16.01.

Tysdag kveld var det opning av punpestasjonen og handicaptoalettet som Luster kommune har bygd på kaien i Solvorn.


Bygget, som glir fint inn i kaiområdet, er teikna av Hafslo Byggservice og hovudentreprenør har vore Gaupne Maskin.


Den offisielle opninga stod ordførar Ivar Kvalen for. Han håpte at dette vart eit kjærkomment tilbod for alle besøkande på badeplassen og området elles.


Les meir om: Nyhende Luster Notis

Siste saker Gå til framsida