FALL: Ulukka skjedde ved Mjølkedalsbreen i Jotunheimen. (Skjemdump: Kartverket)

Omkom etter fall frå fjell

Publisert 03.09.2018 kl. 06.14. Oppdatert kl. 06.16.

Ein mann fall sundag ettermiddag utfor eit fjell då han var på tur på Mjølkedalsbreen, som ligg på grensa mellom Vang og Luster.


Politiet melde klokka 22.38 at mannen var omkomen. Han vil bli henta ut måndag.


- Me må bruka helikopter, og han vil bli henta av luftambulansen tidleg måndag ettermiddag, opplyser Lars Geitle på operasjonssentralen til politiet.


Mannen var saman med dottera på tur. Ho vart henta ut frå området med helikopter søndag.


Ulukka vart meld inn til politiet klokka 17.11.


Ifølgje politiet var den omkomne 60 år og busett i Oslo.


- På tur opp til ein fjelltopp var mannen uheldig og gjekk på ein laus stein, slik at han miste fotfestet, fortel tenestestadleiar ved Årdal lensmannskontor, Magne Knudsen, til NRK.


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida