UTSLEPPSFRITT: Brødrene Aa har levert heil-elektriske Future of the Fjords til reiarlaget The Fjords. (Foto: Brødrene Aa)

Nytt, utsleppsfritt fartøy klart for verdsarven

Etter eit omfattande testprogram er heil-elektriske "Future of the Fjords", levert frå Brødrene Aa til The Fjords.

Publisert 20.04.2018 kl. 17.15.

Fartøyet set ei ny standard for miljøvenleg turisttrafikk med utlseppsfri transport i det vakre verdsarvområdet mellom Flåm og Gudvangen, melder Brødrene Aa i ei pressemelding. 


 


Utsleppsfri

Båten er andre leveranse av den grensesprengande modellen Seasight som vart kjent gjennom plug-n hybridfartøyet Vision of the Fjords, levert frå Hyen i 2016. 


Trass i at båtane er bygde med same karakteristiske designet inspirert av vestlandske hårnålssvingar, er det ein vesentlg ulikskap på innsida av båtane. 


Future of the Fjords er Brødrene Aa sitt første fartøy som ikkje nyttar forbrenningsmotor i det heile. 


Båten blir i staden driven av to elektromotorar på 585 hestekrefter kvar som får straumen levert frå ein batteripakke på heile 1.800 kWh. Det vil seia om lag 40 gonger så stor batterikapasitet som i ein typisk elbil. 


Dette gjer det mogleg for fartøyet å operera med ein fart på 16 knop i 30 nautiske mil før båten må ladast på nytt. 


Utan utslepp og støy

- Å ta Seasight-konseptet endå eit steg vidare og levera ein utsleppsfri båt som tek 400 passasjerar er verkeleg ein milepæl i bedrifta si historie og det syner for alvor at me no er på veg inn i nullutsleppssamfunnet, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa i pressemeldinga. 


Skipet sin eigar og operatør, The Fjords, meiner også at ein no set nye standardar for miljøansvarleg persontransport. 


- Det er vårt oppdrag å verna det sårbare miljøet me gjev våre gjestar tilgang til, samstundes som me gjev dei den optimale naturopplevinga, seier Rolf Sandvik, dagleg leiar i The Fjords. 


- Vision of the Fjords representerte eit viktig skifte for oss, men me hadde ambisjonar om å ta det endå eit steg vidare og erstatta diesel- elektrisk framdrift med heilelektrisk. Future of the Fjords gjer dette og fjernar samstundes all støy og utslepp til luft på heile ruta. Å overta denne båten er ein veldig stolt dag for oss og for våre framtidsretta eigarar Fjord1 og Flåm AS, seier han. 


Nytt ladesystem

Energibehovet ved hurtiglading av båten ville normalt vera uråd å takla for det lokale straumnettet. 


Det er difor utvikla eit unikt lade- og bunkringssystem, PowerDock. Denne kan også lagra forbruksvarer, drivstoff til systerfartøyet og her kan avløpsvatn tømast frå båtande for vidare behandling på lande. Dette gjer at begge SeaSight- båtane blir dei einaste passasjerskipa som ikkje slepp avløpsvatn direkte ut i fjordane. 


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida