SJUKDOMSTILFELLE: Det er funne eit nytt tilfelle av skrantesjuke på rein i Nordfjella. (Arkivfoto)

Nytt tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella

Ei drøy veke etter at den statlege fellinga av villrein i Nordfjella starta, er det funne eit nytt tilfelle av skrantesjuke.

Publisert 17.11.2017 kl. 10.56.

Dette er det åttande tilfella av dei dødelege hjortedyresjukdommen i området sidan kartlegginga starta i 2016.


Reinsdyrbukken blei skoten av eit fellingslag frå Statens naturoppsyn, og smittestoffet blei påvist i dyrets lymfeknuter, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Dette er det første positive tilfellet som er funne under den statlege fellinga, som starta 7. november. Per 15. november hadde fellingslaget skote 64 reinsdyr. Målet med aksjonen er utrydda skrantesjuke hjå hjortevilt i Noreg.


Fellinga føregår i regi av Statens naturoppsyn, og Mattilsynet har ansvar for prøvetaking og smittehandtering. Reinsdyra som blir felt transporterast ned frå fjellet, til eit baseområde der det blir teke ut prøvemateriale. Det blir det teke prøver av alle dyr som felles, og prøvene analyserast av Veterinærinstituttet.


- Me reknar med å finna fleire positive dyr framover. Skrantesjuke spreier seg frå dyr til dyr, og til miljøet, og det er derfor me no jobbar med å fjerna heile stammen, seier Hallgeir Herikstad, CWD-koordinator i Mattilsynet.


Siste saker Gå til framsida