Nytt ombod skal hjelpa studentane

Sindre Dueland er tilsett som studentombod for studentane ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert 17.02.2017 kl. 11.57. Oppdatert kl. 12.44.

Han blir dermed det første studentombodet for dei 16.000 studentane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), heiter det i ei pressemelding frå HVL.


Dueland har masterutdanning i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo og også masterutdanning i administrasjons- og organisasjonsutvikling frå Universitetet i Bergen.


Det nye studentombodet er frå Haugesund og er busett i Bergen. Han vil ha hovudarbeidsstaden sin i Bergen, og legga opp til mykje reising mellom dei fem ulike studiestadane.


- Eg er veldig glad for at eg fekk denne jobben og klarar ikkje å slutta å smila, seier Dueland i pressemeldinga. Han synes det er spennande at ordninga er heilt ny og ser fram til å byggja opp tenesta slik at alle dei fem studiestadane Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund skal nyta godt av den nye ordninga.


- Eg skal jobba for at det blir ei best mogleg ordning for alle studentar på Vestlandet. Eg likar at institusjonen ligg spreidd over heile Vestlandet, og planlegg å reisa mykje mellom studiestadane, seier det nye studentombodet.


Uavhengig talsperson

Studentombodet skal vera ein uavhengig bistandsperson for studentane og gi råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Ombodet skal blant anna sjå til at studentsakene vert forsvarleg og rett handsama og at rettane deira blir ivaretatt. Studentombodet skal ha ei uavhengig rolle i forhold til organisasjonen.


Frå 1. januar 2017 vart Høgskolen i Bergen(HiB), Høgskulen Sogn og Fjordane(HiSF) og Høgskulen Stord/Haugesund(HSH) fusjonert til Høgskulen på Vestlandet. Den nye høgskulen er ein av landets største, med om lag 16.000 studentar og 1.600 tilsette fordelt på fem studiestadar - Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund.


Siste saker Gå til framsida