Nytt jordskjelv på Vestlandet

Publisert 08.11.2017 kl. 11.17.

Onsdag morgon vart det registret eit jordskjelv kring 29 kilometer sørvest for Florø.


Jordskjelvet, som var registert klokka 9.41, vart registert med 2,6 på skalaen, melder Jordskjelvstasjonen i Bergen.


Også tysdag vart det registrert jordskjelv på Vestlandet. Folk vart oppmoda om melda frå på nettsida til jordskjelvstasjonen. Mange har rapportert at dei har følt jordskjelvet onsdag, og rapporteringssystemet til jordskjelvstasjonen krasja onsdag ettermiddag.


Også jordskjelvet ved Florø onsdag morgon er det ynskje om at ein går inn på denne nettsida og rapporterer dersom ein har følt det.


 


Siste saker Gå til framsida