PRISUTDELING: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag (f.v.), Hilde Anita Røyrvik og Cicilie Færestrand frå Fjord1 og jurymedlem Arne Hjeltnes. (Foto: Noregs Mållag)

Nynorskpris til Fjord1

Publisert 15.12.2017 kl. 13.39.

Noregs største ferjekonsern Fjord1 er tildelt Nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag, vert det opplyst i ei pressemelding. 


- Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten nynorskbrukar. Dette kan ein som reisande merka sjølv i små detaljar som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet. I ein bransje der bokmålet dominerer, veit me at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det me vil kalla vilje til språk, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt ut på ei tilskiping i Oslo.


I styrerommet

Med seg i juryen har han Arne Hjeltnes som også var med på prisutdelinga.


- Det er utruleg viktig å lesa nynorsk på veg til jobb og skule. Samstundes er Fjord1 i ei eiga klasse. Føretaket er no blitt børsnotert, og det syner at nynorsk ikkje berre høyrer heime i lokale verksemder, seier Arne Hjeltnes.


Det var Cicilie Færestrand og Hilde Anita Røyrvik frå Fjord1 som tok mot prisen.


- Me vart veldig overraska over prisen, og sjølvsagt veldig glade. Nynorsk er språket vårt, det står i styringsdokumenta våre. Diplomet skal opp på veggen i styrerommet, som ei påminning om dette, sa Cicilie Færestrand, HR-leiar i Fjord1.


Ferdamat

Juryen har i år lagt særskild vekt på at Fjord1 er i ein bransje der det ikkje er vanleg med god målbruk.


- Spesielt synest me at Fjord1 skal vera stolt over «Ferdamat». Det er eit konsept for sunn mat og mat som er lett å ta med seg i bilen - og ikkje minst er det eit mattilbod som bramfritt står fram som nynorsk. Me vonar Fjord1 vil halda fram å vera eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet når det gjeld å bruka nynorsk, sa Magne Aasbrenn.


Noregs Mållag har delt ut nynorsk næringslivspris sidan 2006, og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren, går det fram av pressemeldinga.


I tillegg til Arne Hjeltnes og Magne Aasbrenn, sit Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.


Les meir om: Nyhende Næringsliv

Siste saker Gå til framsida