JUNIORJOUNALIST: Framtida Junior skal på skuleturné og søkjer skriveføre barn som juniorjournalistar.

Nynorskavis for barn søkjer juniorjournalistar

Avisa Framtida Junior skal på skuleturné og søkjer juniorjournalistar.

Publisert 03.09.2018 kl. 16.00.

Avisa har fått 100.000 i støtte til å dra på Vestlandsturné og  læra opp fleire juniorjournalistar. 


- Framtida Junior ynskjer å nå ut til endå fleire og skal no på turné til sklar og rundt på Vestlandet. Framtida Junior har som mål å gjera det kjekt å lesa nyhende for barn på nynorsk og me søkjer no etter barn som vil vera juniorjournalistar i redaksjonen vår og skular som vil ha besøk av oss, seier redaktør Svein Olav B. Langåker til lnk.no i samband med turnéen.


Sogn Avis er med

Allereie har over 50.000 brukarar vore innom nettsida framtidajunior.no. 


Bak nettstaden står Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Framtida.no og ABC Startsiden. 


Papiravisa Framtida Junior blir gjeven ut i samarbeid med lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland. 


Vil bli endå betre

- Tilbakemeldingane frå barna er veldig gode. No håpar eg endå fleire barn har lyst til å bidra til å gjera avisa vår endå betre, seier Langåker.


Han er takksam og glad for støtte frå Sparebanken Vest til turné og kurs.


Meir informasjon til dei som vil bli juniorjournalistar finn ein på framtidajunior.no.


 


 


Les meir om: Nyhende Ung