SATSAR: Widerøe statsar med nye fly og fleire direkteruter. (Foto: Renate Sæle)

Nye direkteruter frå Bergen

I juni og august 2018 opnar Widerøe fem nye utanlandsruter.

Publisert 14.12.2017 kl. 14.49.

Rutene skal gå frå Bergen til München, Hamburg, Billund og Göteborg - og frå Kristiansand til London, heiter det i ei pressemelding frå flyselskapet.


- Luftfartshistorie

- Alt i april neste år skriv me luftfartshistorie, når våre nye, 114-seters, miljøvennlege jetfly tek av frå Bergen til Tromsø og Bodø. Desse supermoderne E190-E2 vil også setjast inn på dei nye utanlandsrutene til Hamburg og München, fortel administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe.


Han meiner Bergen og Vestlandet er eitt av dei mest interessante reiselivsprodukta i Europa.


- Desse destinasjonane representerer ruter der me ser eit stort potensial for å trekkja utlendingar til Bergen, samtidig som det vil vera attraktive reisemål for bergensarar, fortel Nilsen.


- Gledeleg

Avinor er også svært nøgd med rutenyhenda, går det fram av pressemeldinga.


- Denne nye satsinga frå Widerøe med utgangspunkt frå Bergen er svært gledeleg for norsk luftfart. Dei nye rutene som er lanserte i dag er gode og sterke ruter som me har stor tru på, seier konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Petersen.


Les meir om: Nyhende Reiseliv Samferdsle